I 2025 er det stortingsval og sjeldan har skeive sine liv og rettar vore under sterkare angrep både i Noreg og internasjonalt.

Inspirert av MAGA-Trump fører enkelte krefter “debatten” om våre skeive liv inn i meiningslause spor om flagg og kva pride (ikkje) er. Dette er ei tydeleg avsporing av diskusjonen om faktiske tiltak for å betre skeive sine rettar, liv og levekår.

Derfor inviterer vi til ein debatt, forhåpentlegvis fri for avsporingar. Tvert imot vil vi gi partia høve til å svare på korleis dei vil arbeide for å sikre skeive dei rettane vi framleis står utan viss dei vinn stortingsvalet til hausten. Og, kva er dei (ikkje) villig til å forhandle på i eventuelle koalisjons-samarbeid?

Korleis vil dei arbeide for ein tredje juridisk kjønnskategori?

Kva tenkjer partia om transpersonar og bifile kvinner, som er spesielt marginaliserte jamfør levekårsstatistikkar i Noreg? Har dei forslag til tiltak?

Statistikken fortel oss dessutan at skeive barn og unge har mindre framtidstru, blir meir mobba og deltek mindre i idretten. Difor spør vi kva partia planlegg å gjere for å ivareta det som er framtida vår, skeive barn og unge, om dei vinn valet?

Dette er nokre av spørsmåla som blir stilt når FRI, Skeiv Verden, Skeiv Ungdom, PKI og Skeive Funkiser går saman og inviterer til debatt under Oslo Pride 2025.

Målet med debatten er at skeive, og venner av skeive, våre medlemmar og andre ved stortingsvalet til hausten, kan gi sine stemmer og vere trygge på at dei har gjort eit val som ivaretek skeive liv og levekår best mogleg når stemmene er talt opp og resultatet etter stortingsvalet er klart i september.

Les om debatten på Oslo Pride sine nettsider.

---

(ENG)
Electoral debate on queer lives and rights, before the national general elections, September 2025. The event will be in norwegian.

Arrangementdetaljar

Arrangør: Foreningen FRI, Skeiv Ungdom, Skeiv Verden, PKI og Skeive funkise
Dato/tid: 24. juni 2025 – kl. 17-18
Stad: Midtgolvet i foajeen, Det Norske Teatret, Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
Rullestoltilpassa: Ja
Teiknsproktolka: Nei
Teleslynge: Nei
Rusfritt: Nei
In english: Nei

PRIDE-meny

Restauranten Sur by De mi Tierra ved Det Norske Teatret held ope under Oslo Pride. Velkommen inn!

Les meir

Gratis

Vel dato for innsikt Oslo Pride 2025