Noreg fekk sin første nobelprisvinnar på 95 år i Jon Fosse. No er Det Norske Teatret aktuell med den første urpremieren etter prisutdelinga. Vi feirar med ein samtale om Fosse, om gjennomslaget for norsk litteratur i den store verda og litt om korleis det var å trekke i finstasen med notabilitetane i Stockholm.

Torsdag 25. april kl. 18.30
i foajeen før premieren på Einkvan

Jon Fosse skreiv sitt første skodespel i 1993. Einkvan er det 32. stykket han skriv for scenen. Forutan pausane og gjentakingane - kva er det som kjenneteiknar Fosses produksjon for teateret?

Cecilie Seiness er Jon Fosses redaktør i Samlaget, og har også skrive eit bokportrett av han. Ho var sjølvsagt til stades i Stockholm under utdelinga av Nobelprisen i litteratur, da både Fosse og nokre av Samlagets stolte forlagsmedarbeidarar fekk delta i samanhengar som var ganske framande for dei.

Korleis er det å gå laus på ein Fosse-tekst for første gong? Når det i tillegg er urpremieren på det første stykket dramatikaren har skrive etter at han fekk Nobelprisen i litteratur? Presset kan kanskje kjennast stort for regissør og komande teatersjef ved Det Norske Teatret, Kjersti Horn. Ho er den som i framtida skal forvalte Fosses dramatikk ved Det Norske Teatret.

Astrid Sverresdotter Dypvik er forfattar, journalist og redaktør for Syn og Segn. Ho vil møte Seiness og Horn til ei uhøgtideleg samtale om Jon Fosses verk for scenen - og livet hans i utkanten av rampelyset.