
Diktarane frå Hardanger Diktarane frå Hardanger
Gratis sideprogram under DIFF
«Hardanger utan Hauge er ikkje det same Hardanger. Alle store kunstnarar forandrar landskapet. Det gjorde Hauge», har Jon Fosse sagt.
Jon Fosse og Olav H. Hauge kjem begge frå Hardanger. Dei kjem frå kvar si bygd, Strandebarm og Ulvik, og er begge uløyseleg knytte til eit landskap, til Vestlandet og det nynorske språket. Hauge synte den unge Fosse at det gjekk an å koma frå ei lita bygd i Hardanger og likevel halda på med dikting. Då Fosse fekk nobelprisen i 2023, var Hauge er ein av dei få diktarane Fosse nemnde i nobelforedraget han heldt i Stockholm.
Onsdag 10. september kl. 12.00
Skodespelar Per Schaanning les dikt av Hauge og Fosse. Redaktør i Samlaget, Cecilie Seiness, fortel om dei to diktarane.
Den internasjonale Fossefestivalen
Arrangementet er ein del av sideprogrammet til DIFF - Den Internasjonale Fossefestivalen 2025. Det er gratis å delta, og du treng ikkje billett.
Gratis
Vel dato for innsikt Gratis sideprogram under DIFF