Korleis har vi forma den norske skogen over tid?

Vi menneske har det med å sette spor etter oss og endre naturen så han gjer nytte for seg på best mogleg vis. Sidan vi byrja å bruke skogen til meir enn materiale for eige bruk, for om lag 300 år sidan, har det blitt planta treåkrar og innført nye artar – for å styrke eigen økonomi og gjere landet grønare og rikare. Vi har gått frå plukkhogst med handsag, øks, hest og fløting til flatehogst med store skogsmaskinar.

I dag blir det sagt at det forsvinn skogareal på størrelse med 8400 fotballbanar kvart år i Noreg. Omgrepet berekraft – som i dag har fått eit stort mangfold av tydingar – har sine røter i skogbruket. Korleis starta dette skogseventyret? Og korleis kom vi dit vi står i dag?

Bjørn Bækkelund er konservator og seksjonssjef ved Anno Norsk Skogmuseum på Elverum. Han ersærleg interessert i forhold mellom menneske, samfunn og det materielle, og spenningsfeltet mellom sosial organisasjon, økonomi og økologi. Han er også forfattar av boka med tittel Den menneskeskapte skogen, som kom ut i 2020.

Kari Toft er kveldens samtaleleiar. Ho har arbeidd som journalist i NRK og var i mange år programleiar for TV-programmet «Ut i naturen» og i fleire «Minutt for Minutt»-sendingar langs kysten av Noreg og på Svalbard. Kari bur i Elverum og eig både skog, motorsag og vedkløyvar.

No kan du møte Bækkelund i samtale med Toft før framsyninga Heil ved. Samtalen er gratis og open for alle, men det er avgrensa med sitteplassar, så det kan vere lurt å vere tidleg ute.

Arrangementet er i samarbeid med Norsk Skogmuseum på Elverum.
Motorsagutstillinga i foajeen er også i samarbeid med museet.

Velkommen!