Korleis, og korfor, bruker ein moderne forfattar antikkens historie? Velkommen til samtale om keisar Caligula og Albert Camus.

Den franske forfattaren Albert Camus (1913-1960) var berre 15 år da han byrja å skrive på eit drama om Caligula, den kanskje mest berykta av Romarrikets keisarar.

Camus er blitt kjent som det absurde sin filosof, ikkje minst på grunn av sitt essay om Sisyfos, eit bilde på menneskelivets meiningsløyse. Både i essayet Myten om Sisyfos og i skodespelet Caligula vel Camus antikke skikkelsar for å ta grep om litterære og filosofiske idear som gjekk rett inn i samtidas diskusjonar. Da Camus som 20-åring henta opp manuset til Caligula og skreiv det ferdig, var den andre verdskrigen det aktuelle bakteppet .

Men korfor Caligula? Keisaren som fortvilte over tapet av søstera som også var elskarinna hans? Kva fann Camus i antikken, korleis brukte han det antikke materialet, og kva hadde han eigentleg på hjartet?

Christine Amadou er professor i idéhistorie og Mathilde Skoie er professor i latin, begge frå UiO.

I denne introduksjonen møtast professor i latin Mathilde Skoie og professor i idéhistorie Christine Amadou frå Universitetet i Oslo. Dei arbeider begge med bruken av antikken i ulike historiske og ideologiske kontekstar. Mathilde Skoie vil fortelje om keisar Caligula og om korleis han er blitt framstilt av ettertida. Christine Amadou, som tidlegare har omsett fleire av Camus’ romanar til norsk, vil ta for seg antikkens plass i Camus’ forfattarskap.

Saman vil dei diskutere Caligula som antikkresepsjon og som filosofisk innspel både i diskusjonane som prega Frankrike i 1940-åra og i dagens Noreg, and beyond.

Inn i historia - Humaniorafestivalen 2024

Fra 7. til 21. mars 2024 inviterer Universitetet i Oslo oss inn i historia, når dei arrangerer festival over heile byen i samarbeid med leiande institusjonar i hovudstaden, mellom anna Det Norske Teatret. Denne introduksjonen er del av dette samarbeidet.

Introduksjonen går føre seg i Bikuben i foajeen på Det Norske Teatret. Den er gratis og open for alle, men det er avgrensa med sitteplassar, så det kan vere lurt å vere tidleg ute. Under kan du kjøpe billett til framsyninga som speler same kveld.

Foto av Mathilde Skoie: Ellen Evju Jahr.
Foto av Christine Amadou: UiO
Hovudfoto i saken: Byste av Caligula frå Glyptoteket i København. Foto frå Wikimedia Commons, bakgrunn utvida.

Gratis

Vel dato for innsikt Introduksjon med Mathilde Skoie og Christine Amadou

  • Gratis