
Korleis omsette Jon Fosse til andre språk?
Eva Dobos (ungarsk), Astri Ghosh (hindi), Sherin A. Wahab (arabisk) og Margherita Podestà Heir (italiensk) har i ei årrekke jobba med Jon Fosse sine romanar og skodespel. Dei fire kjem til DIFF - Den internasjonale Fossefestivalen for å snakke om utfordringane ved å omsetje Fosse: knappheit på ord, repetisjonar, natur-uttrykk og særeigne norske uttrykk. Kva går tapt og kva er funne? Korleis omsette det usagte i ein tekst til andre språk?
Til Fossefestivalen 2025 skal dei alle omsette det nye Fosse-stykket Skodespelet og bruke det som eit heilt ferskt døme.
Deltakarar: Omsetjarane Astri Ghosh, Éva Dobos, Margherita Podestà Heir, Sherin A. Wahab. Samtalen blir moderert av dramaturg Siri Løkholm Ramberg.
Dette arrangementet er ein del av fagprogrammet til DIFF - Den Internasjonale Fossefestivalen 2025. Det er gratis å delta, men du må hente ut billett. Hent gratisbillett her.

