Historia

"Lat då stå til! Lat oss grunnleggje Det Norske Teatret!" ropte Arne Garborg i 1912.

Hulda hadde truleg puffa på han: "Syng ut, du, for du blir truleg hørt!"
Hørt vart ho elles sjølv - og ikkje minst sett, vil eg tru -
der ho med spelflokken sin alt var i sving utover det ganske land
med nettopp å grunnleggje Det Norske Teatret.

Men grunnsteinane, sa Garborg - kanskje hadde han det frå Hulda,
det òg - grunnsteinane var det ungdommen rundt om i landet som la
ved sin trong til teater og ved dei spelstykke-framsyningar
dei sjølve fekk i stand."


Dette vesle utdraget frå prologen til Halldis Moren Vesaas, skriven til opninga av nybygget i 1985, gjev eit godt bilete av drivkreftene i teaterets historie. Det var og er ein del av ei folkerørsle der vidareføringa av Ivar Aasens målreisingsarbeid var både mål og middel. I føremålsparagrafen for DNT frå 1913 står det derfor at ein skal "syna fram skodespel på norskt mål i bygd og by". Å leggje eit nynorskteater til hovudstaden, sjølve senteret for embetsmannskulturen og den dansk-norske språktradisjonen, var sjølvsagt eit vågestykke, men også heile poenget. Det var her striden måtte førast. Og noko mindre enn det smålåtne namnet "Det Norske Teatret" kunne ikkje duge. Inspirasjon til "målteatret" hadde Hulda og Arne Garborg henta i Berlin, frå sine reiser dit i 1890-åra og omgangen med kunstnarar ved "Freie Volksbühne", eit folkeleg selskap for litteratur og teater.