Gratis verkstad for ungsomsklubbar og skolar!

Med utgangspunkt i ungdomsteaterversjonen av Pinocchio, tilbyr Det Norske Teatret i Groruddalen i samarbeid med Bergesenstiftelsen gratis teaterverkstad for barn og unge.

Bestill til din ungdomsklubb eller skole!


Dette er eit skreddarsydd opplegg der barn og unge får eit unikt møte med skodespelarane, i tillegg til å lære seg litt dans, teater og slampoesi.

DATOAR

Torsdag 13.10
Fredag 21.10
Fredag 28.10
Torsdag 17.11
Fredag 25.11
Ta kontakt for evt. andre datoar

MED Skodespelarane Adela Cudjoe, Peiman Azizpour og Fabian Svegaard Tapia frå Det Norske Teatret i Groruddalen.

Dei skal alle vere med i haustens teaterframsyning for ungdom; Pinocchio, på Rommen Scene. To av dei har bakgrunn frå Groruddalen, ein frå Bergen og Iran.

Dei vil også fortelje meir om framsyninga, og det vil bli moglegheit til å bli betre kjent med dei som står på scenen, høyre meir om deira livsreise, kva moglegheiter det finst for unge i teateret og å stille spørsmål.

Verkstad

Vi tilbyr ein todelt verkstad. Kvar del varar i 30 - 40 minutt.

1. Slam/poesi/tekst

Her får dei som deltek ein spennande og kreativ inngang til å skrive eigne tekstar under rettleiing frå slampoet og skodespelarar Adela og skodespelar Peiman.

Adela har mellom anna spelt i Tante Ulrikkes vei, The Book of Mormon og Linje 5, Peiman har gått på Det Norske Teatrets teaterskole Det Multinorske, og sidan vore knytt til mellom anna Den Nationale Scene i Bergen.

Deltakarane vil få bli kjent med skodespelarane, medan dei leikar seg med ord som finst, ord dei finn på, ord som rimar og ord som lagar rytme.

2. Dans/hiphop/breaking

Det er kanskje mange som kjenner igjen Fabian får Battle-filmane. Han er ein av Skandinavias dyktigaste breakarar, og spelar hovudrolla i Pinocchio. Fabian er elles oppvaksen i Groduddalen, og kjenner godt til lokalmiljøet og ungdomsklubbane.

Han vil lære vekk nye trinn og triks!

Tal på deltakarar:

Blir vurdert ut i frå storleiken på lokala skolen eller klubben har til rådvelde.

Er det god plass, er maks tal 20 personar per gruppe.

Kven kan delta?

Ungdom i alderen 12 - 18 år.
Alle grupper får prøvd begge verkstadane og vi prøver å kome alle i møte så godt som mogleg når det gjeld nivå , alder og erfaring

Bestilling

Send e-post til hedda.ronneberg@detnorsketeatret.no for bestilling av besøk. Ta også kontakt om det er ønskje om andre dagar.