En solid og aktuell tolkning av en klassiker

For ti år sidan debuterte Marie Blokhus som skodespelar i Goethes ungdomsroman Unge Werthers lidingar. Når ho no vender tilbake til dette verket, står ho aleine på scenen og med fokus på undergangens psykologi.

Handlinga i Unge Werthers Lidingar er enkel. Werther reiser ut på landet for å finne ro. I eit idyllisk miljø forelskar han seg i Lotte. Den unge jenta er allereie trulova og Werthers forelsking blir meir og meir panisk. Han forsøker å flykte, vender tilbake til henne, og oppdagar at Lotte har gifta seg med sin utkåra. Det endar med at Werther skyt seg. Slik blir kjærleiken til Lotte både den største opplevinga i Werthers unge og korte liv, og undergangen hans.

Tilbake til start

Da Marie Blokhus debuterte som skodespelar, var det som karakteren Lotte i framsyninga Unge Werthers lidingar. Det er no ti år sidan. Sist gong var dei tre på scenen, denne gongen står Blokhus der aleine. Basert på boka Unge Werthers lidingar av Johann Wolfgang von Goethe blei det i 2002 laga ein monolog, og den teksten er utgangspunkt for denne versjonen.

Litterært storverk

Goethes udøyelege ungdomsroman blir rekna som den aller første litterære bestseljaren. Historia om den ulykkelege Werther blei skriven på berre fire veker, etter at Goethe, i likskap med romanfiguren sin, gjekk inn i ein djup depresjon grunna ulykkeleg kjærleik. Etter den første utgjevinga i 1774 blei romanen raskt omsett til ei rekkje språk. Den unge Werther gjorde Goethe berømt og blei symbol på eit ungdomsopprør mot opplysingstidas kalde fornuft. Men sjølv om romanen var populær i samtida, var han også kontroversiell, ettersom han går langt i utforskinga av å ikkje sjå meining i livet - noko som er verkelegheita for mange menneske i dag.

Populær og tidlaus

Den store populariteten til dette verket er ikkje berre avgrensa til Goethes samtid. Denne tette, sterke kjærleiksromanen med ei tydeleg språkleg kraft er framleis i vinden. Som Goethe sjølv hevda: ”Det finst ein periode i ein kvar ung manns liv der han opplever at Werther er skrive nettopp for han.” Romanen er blitt filmatisert og dramatisert mange gonger, og spelt på scenar i heile verda.

Finn ut meir