- Eit menneske og ikkje noko daudt blad

I år er det 200 år sidan diktaren, journalisten, kritikaren, språkforkjemparen og folketalaren Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. Gjennom fleire hundre dikt, artiklar, reportasjar og essay i bladet Dølen, og ikkje minst i den fantastiske reiseskildringa Ferdaminne, la han grunnen for nynorsk som levande bruksspråk og gav oss ein usliteleg songskatt med tonar av våre fremste komponistar – deriblant Grieg. Under festkvelden på Det Norske Teatret vil fem av teaterets skodespelarar belyse ulike sider av mennesket Vinje. Eit eige husband på scenen vil akkompagnere dei mange songane Vinje har skrive tekstane til, som til dømes Ved Rondane og Blåmann.

Lag og institusjonar over heile landet feirar livsverket hans. Festkvelden på Det Norske Teatret med teaterets eigne krefter markerer slutten på ei jubileumsveke i Oslo. Ein kvartett vil i lag med skodespelarar frå teateret framføre dikt med og utan tonefølge, utdrag frå artiklar, reiseskildringar og prosatekstar.

Blåmann

Folkeakademiet viser dokketeaterframsyninga Blåmann, blåmann bukken min for dei aller minste under Vinjejubileet:

Finn ut meir