Våre barn (Den Nationale Scene)

  • Scene : SCENE 3
  • Varigheit : 1 TIME 50 MINUTT (ikkje pause)
  • Pris frå: 215 ,-

Gjestespel frå Den Nationale Scene

Kor mykje vil vi gi avkall på for å betre framtidsutsiktene til dei som kjem etter oss?

Verda er i ferd med å gå av hengslene. Atomkraftverket er nesten øydelagt etter siste jordskjelvet. Vi møter eit ektepar, to pensjonerte kjernefysikarar, som får uventa besøk på den landlege tilfluktsstaden deira. Brått blir dei stilt overfor eit moralsk dilemma som femner vidt. Kor mykje vil vi gi avkall på for å betre framtidsutsiktene til dei som kjem etter oss?

Med eit stort alvor og skarp humor blir historia fortalt om kva som skjer ettermiddagen dei pensjonerte kjernefysikarane får besøk av ein felles kollega dei ikkje har sett på nesten 40 år. Ekteparet bur no i eit lite hus like ved den evakuerte sona rundt det lokale atomkraftverket.  Robin vil ikkje sleppe taket i det gamle livet deira, mens Hazel fordjupar seg i yoga og er oppteken av kampen mot alderdom og forfall.

Når det ein kveld bankar på døra må dei to likevel til å gjere opp status.  Det er noko løynd og litt truande ved den overraskande gjesten. Er det fortida eller ansvaret for framtida ho vil konfrontere dei med?

Gjestespel frå Den Nationale Scene.