Valdens historie

  • Scene : SCENE 2
  • Pris frå: 215 ,-
  • Premiere: 25. NOVEMBER 2017

Kan eit liv i audmjuking forklare kvifor ein endar opp som valdsmann?

Ei modig forteljing om ei valdtekt og følgjene for både offer og overgripar.

Hovudpersonen Edouard er på veg heim etter ein fest natt til første juledag. Han møter ein mann. Dei kjem i snakk, og mannen blir med Edouard heim. Utpå morgonkvisten oppdagar han at iPad og mobil er vekke. Edouard konfronterer gjesten med tjuveriet, han reagerer agressivt og det endar med at Edouard blir utsett for drapsforsøk og valdtekt.

Politisk

Framsyninga bygger på på boka Valdens historie av den unge, franske forfattaren Edouard Louis. Han brakdebuterte for få år sidan med den sjølvbiografiske boka Farvel til Eddy Bellegueule, om å vekse opp som ung og homofil i ein gudsforlatt småby i Frankrike. Som Farvel til Eddy Bellegueule har også denne boka ein politisk bodskap, ei historie om klassemotsetningar. Overgriparen hadde bakgrunn frå eit miljø ikkje ulikt det Edouard sjølv har flykta frå. – Eit miljø prega av arbeidsløyse, rus og vald og ein kvardag prega av daglege audmjukingar. Edouard Louis spør om det eigentleg er fengselsstraff han ønskjer for overgriparen. Vil det å få fengselsstraff for ei valdsutøving bli nok ei audmjuking for overgriparen? Noko som kan få det indre raseriet til å vekse seg større? Eller vil det hindre at andre blir utsette for den same valdsmannen?

MISTAR KONTROLLEN

Edouard ender opp med å melde forholdet og må gjenoppleve episoden fleire gonger i avhøyr og rettssaker. Han blir konfrontert med politiets kvalmande rasisme, fordi valdtektsmannen er mørkhuda. Han opplever å miste kontroll over si eiga historie ved å høyre henne gjenfortalt av ulike personar. Han opplever audmjukinga ved at det nedrigaste og mest private han har opplevd, blir ein del av den offentlege samtalen. Kva kostar det offeret – og overgriparen – når eit overgrep blir meldt?

 

Foto: Joel Saget / AFP / NTB scanpix