Kva om det dei vaksne fortel deg ikkje er sant?

Ungdomstida er breiddfull av kjensler, draumar, nysgjerrigheit og fridomslengt. Det er usikkerheit, skam og opprør. Du er klar for å entre vaksenverda, men er vaksenverda klar for deg?

I Vårløysing møter vi ein gjeng ungdomar frå ei landsbygd i Tyskland på slutten av 1800-talet. Det er ei heilt anna tid: Jenter må gå med lang kjole frå den dagen dei fyller 14 år, homofili er forbode og barn er noko storken kjem med om natta. På skolen bruker lærarane all energi på å lære ungdomane å løyse teoretiske andregradslikningar og resitere handlinga i antikke epos, medan foreldra gjer sitt beste for å hindre at dei skal oppdage korleis dei store mysteria i livet heng saman. I denne verda er det dei vaksne som sit med definisjonsmakta, og kritiske spørsmål blir møtt med straff og korreks.

Våren vekker kjenslene

Men i takt med at snøen smeltar og elvane fløymer over, vaknar eit opprør hos ungdomane. Den skoleflinke Melchior trur verdsbildet dei vaksne preikar er løgn. Bestekompisen, Moritz, ligg bak pensum og er redd foreldra ikkje overlever om han stryk på eksamen. Wendla stoler ikkje på mora som seier at barna kjem med storken. Ho er også bekymra for venninna Martha som blir slått heime berre ho søler ein smule. Og Hänschen - han held nesten ikkje ut kjenslene han har for Ernst.

Opprørstrong

Korleis kan ein leve i ei verd der alt ein har lyst til er ikkje er lov? Prisen for gjere opprør er høg, men kva alternativ har dei? Skal dei svelge dobbeltmoralen til foreldra og bli like stive og løgnaktige som dei, eller skal dei bukke under og døy? Vårløysing handlar om retten til fridom, i ei tid der det blir stadig viktigare å vere kritisk til dei sanningane vi blir serverte.