Heddaprisen for Særleg kunstnarleg innsats og Beste framsyning for ungdom

Å vere utanfor er å kikke inn på eit fellesskap du ikkje er ein del av. Det er utanfor ein finn det mørkaste hatet. Det er der ein skaper det klåraste fiendebildet. Og det er her, på utsida, ein finn likesinna.

Framsyninga Utafor tar utgangspunkt i forteljingar om å vere utanfor. Yousef gjekk på vidaregåande da han tok dei første stega inn i ekstremismen. Det var einsemda som gjorde at han oppsøkte dette miljøet, og der tok dei varmt imot han.