Kva kan hende når improvisatørane frå Det Andre Teatret "stel" scenen frå Romeo og Julie? Alt, kanskje?

Ut å stjæle scener er eit konsept der improvisatørane frå Det Andre Teatret dukkar opp hos eit anna teater og «stel» eit scenerom. Der improviserer dei fram ein ny einaktar basert på scenografien som står i rommet, komplett uvitande om korleis teateret sjølv har brukt inventaret. Denne kvelden er det scenografien til Romeo og Julie på Det Norske Teatret som blir invadert og gitt ny meining. Eit nytt relasjonsdrama, ispedd ein god dose humor, oppstår i Romeo og Julies geistlege omgivnader.

Ein treng ikkje å ha sett Romeo og Julie for å få noko ut av den nye einaktaren, det har trass alt ikkje utøvarane gjort heller.

Det Andre Teatret

Det Andre Teatret er eit teaterhus basert på improvisasjon. Teateret er kjent for eit variert repertoar av scripta og improviserte framsyningar for alle aldrar. Dei spelar over 350 framsyningar kvart år på sine eigne scenar i Oslo, og reiser på turne til skolar, kulturhus og internasjonale festivalar over heile verda. Det Andre Teatrets stil og kjenneteikn er omforming, nær historieforteljing fortalt i dialog med publikum og leik med teatrale verkemiddel.

Utøvarar på scenen:
Veslemøy Mørkrid
Mats Eldøen
Stian Gulli
Marte Mørland
Cathrine Frost Andersen

Lydimprovisatør:
Henrik Stoltz Vernegg

Lydeffekter:
Håvard Gressum Antonsen

Idé og regi:
Veslemøy Mørkrid