Ei musikalsk og leiken framsyning om nysgjerrigheit, håp og om å flyte og synke samtidig.

Framsyninga Ubåt tek oss med nokre år fram i tid. Kloden er dekka av hav. Lufta kan vi ikkje puste inn, den er giftig for menneske. Midt i dette havet bur Argentina og Pappa, i ein ubåt fullt utstyrt med både eit ferskvannsproduserande pumpeorgel, språkpastillar og eit ekte dykkiskop. Det finst også ein tidsmaskin i ubåten, som Mamma bygde. Men Mamma forsvann, og saman med den elektriske ålen Lugar, leiter Pappa og Argentina etter reiseklumpar som kan få tidsmaskinen i gang, så dei kan finne Mamma igjen. I søket etter reiseklumpane støter dei på noko ukjent og nytt, som skal få store konsekvensar for ferda vidare – og ferda bakover.

I rollene
Argentina: Amalie Ibsen Jensen, Pappa: Mats Holm, Lugar: Rikke Westerlund Lie, Stein Langøks: Numa Edema Norderhaug, Vivo: Sebastian Legaard Engeland

Tigertruppen
Carmencita: Frida Odden Brinkmann, Diego: Knut Steen, Tigris: Ingrid Meling Enoksen, Tronzo: Andreas Medbøe Thorese

Passar best for barn 6-9 år.

«Alt er gratis*»

Framsyninga er del av «Alt er gratis*»-perioden på Scene 3 hausten 2023.
Gratisbillettar til framsyninga blir tilgjengeleg ei veke før speledato.