Tusen takk teater

  • Scene : SCENE 2
  • Pris frå: 200 ,-
  • Premiere: Urpremiere 19. oktober 2018

Tusen takk teater består av lause fragment som beveger seg frå det tilsynelatande fornuftige til det absurde og heilt uforstandige. Reinertsens tekst kan minne om den upålitelege indre monologen til ein mentalt ustabil person som hadde elska livet om ikkje samfunnet la så mange hindringar i vegen heile tida. Politiske korrekte påstandar går i neste setning over i høgrevingpopulisme eller til å bli meiningslause, ein kontradiksjon til det første – eller alt på ein gong! Tema som blir rørte ved er alt frå slanking til nazisme, Burger King og kunst.

Regissør Angelina Josephine Stojčevska ønskjer likevel å giTusen takk teater ei kjøleg og minimalistisk form. I hennar første produksjon ved Det Norske Teatret vil ho forsøke å nærme seg ein kunstferdig, på grensa til pompøs, minimalisme.