Om å ville bli betre, leite etter trøyst i kunsten og  tenkje positivt mens ein slit seg gjennom livet og køen på Burger King.

Sjølv einsame menneske i ein håplaus situasjon har ein ukueleg tendens til å bevare trua på at det vil ordne seg.

Dette er noko av utgangspunktet for samarbeidet mellom dramatikar Marco Reinertsen og regissør Angelina Stojčevska. Gjennom situasjonar og tankestraumar som ofte bevegar seg ut i det absurde, utfordrar dei rammene for humor og satire, ofte på grensa til det provokative. Eksistensielle problem blir spelte ut i ein estetikk som ofte bryt med det ein forventar.

Det førre samarbeidet deira, Strategier for en lysere fremtid på Nationaltheatret, hausta strålande kritikkar i pressa, og blei heidra med Natt&Dags Oslopris for Beste scenekunst. Denne gongen har dei i samarbeid med scenograf og kostymedesignar Katrin Bombe sett ein moderne tekst inn i ein 1800-talsinspirert kontekst for å framheve det allmenne ved utfordringar vi opplever i det moderne samfunnet.