Terningkast fem

et sårt og morsomt teaterblikk på kunsten å finne seg selv

ei vakker historie om oppvekst

Klassekampen

Om å vere på veg til noko nytt og ukjend og kjenne seg verkeleg levande, for første gong i livet.

Det er siste skoledag før sommarferien. Tatjana har invitert klassen på fest, men Maik blei aldri invitert. Ikkje har han planar for sommarferien heller, for mor er på avrusingsklinikk og far er på «forretningsreise» med sekretæren sin. Maik Klingenberg skal vere åleine i villaen familien bur i. Men så dukkar Tschick opp i ein stolen Lada...
Med det startar ei reise som kjem til å endre det meste for dei to fjortenåringane. Ein sommar som kunne blitt uuthaldeleg kjedeleg blir i staden fylt med vennskap, forelsking, merkelege hjelparar og dramatikk.

Sommarferien blir ein roadmovie med endelause vegar og landskap som flyg forbi. Ei reise som også skjer på innsida. Dei rekk ikkje å bli heilt vaksne på desse dagane, men kanskje litt vaksnare. Bilturen får ein bråstans, og sommarferien tek slutt. Men så mykje er forandra.

Suksess som bok og teater

Framsyninga er ei dramatisering av Wolfgang Herrndorfs ungdomsroman med same namn som kom ut i Tyskland i 2010. Boka fekk ei vanvettig mottaking i heimlandet Tyskland, låg på bestseljarlistene i over to år og har selt i nærare tre millionar eksemplar. Den såre skildringa av to forsømte gutar som finn saman i eit vennskap mot alle odds er full av humor og innfall, og fekk også svært god mottaking her i Noreg da den kom ut i 2012 som vaksenroman.

Nesten parallelt med bokutgjevinga kom teaterversjonen, som har gått si eiga ville ferd gjennom alle dei tyskspråklege landa og i 2016 kom i ein filmatisert versjon regissert av Fatih Akin. Det er første gongen Tschick – Adjø Berlin blir sett opp i Skandinavia.

Introduksjon før framsyninga

DATO: Tysdag 26. februar kl. 18.30

Framsyninga Tschick er basert på den tyske forfattaren Wolfgang Herrndorfs roman med same namn. Høyr omsetjar og forfattar Astrid Sverresdotter Dypvik gi ein introduksjon til Herrndorfs forfattarskap, og eit innblikk i temaet "spätaussiedler" og skilnader på aust og vest i Tyskland. Dypvik har mellom anna gitt ut bøkene Det var DDR og Berlinhistorier til strålande kritikkar.

Introduksjonen er i samarbeid med Norsk-Tysk selskap, og vil vere på norsk, men spørsmål kan stillast på både norsk og tysk.
Introduksjonen er i foajeen utanfor Scene 2.

Finn ut meir