Tre kvinner fortel om den same unge mannen. Han er blitt avretta, men dei kan ikkje finne han i grava. Det er kvinner som først ber vitnesbyrd om at Jesus er stått opp.

Forfattaren, Alf Kjetil Walgermo, har skrive tre korte radiomonologar om kvinner i Jesu nærleik. Det er Salome som er mor til disiplane Jakob og Johannes. Det er Maria, Jesu mor, og det er Maria Magdalena. Dei tre lever liva sine i ei anna tid og på andre stader enn i Jerusalem for to tusen år sidan. Likevel er dei vitne, og liva deira glir saman med dei historiske skikkelsane. Salome er uroa for korleis det skal gå med dei to sønene som har satsa alt på den unge mannen. Maria går i terapi i dagens Oslo og forsøker å forsone seg med tapet av sonen sin. Ho ventar og trur at han skal komme attende. Maria Magdalena er ei av dei fordømde. Ho sel kroppen sin frå eit lite rom i Roma. Ho identifisierer seg med kvinna som også var ei utstøytt, men som Jesus såg og verdsette henne.

Det Norske Teatret feirar påskebodskapen med denne podkasten.


Foto: Nicolás Beltrán López

Finn ut meir