Utleverende, friskt og fornøyelig.

Tidens Krav

Vi har alle opplevd forestillinger der vi går ut og føler at vi ser på verden med nye øyne.Toralv Maurstad ga oss en slik forestilling

I framsyninga gir Toralv Maurstad eit innblikk i teaterfamilien og korleis det var å vekse opp med dei berømte skodespelarane Tordis og Alfred Maurstad som foreldre. I denne heimen handla det meste om teater. Musikken spelte òg ei viktig rolle i familien Maurstad. Pianisten Rune Alver står for dei musikalske bidraga i framsyninga.

Tordis hadde ei magnetisk utstråling, blei det sagt. Ho kom frå ein kulturinteressert heim, der faren var driftsstyrar for både Kaffistova og Bondeheimen i Kristiansund. Han var ein markant karakter i nynorskrørsla, og hadde tilnamnet «målkongen». Så det var heilt naturleg for Tordis å søke seg til Det Norske Teatret, som ho var knytt til i over 50 år.

Alfred voks opp i Nordfjord, og var både spelemann, filmregissør og skodespelar. Her på Det Norske Teatret blei han aller mest kjent for rolla som Torgeir i Fossegrimen, der han framførte den berømte slåtten Fanitullen. Han var også den første som laga film på landsmål. Men den filmrolla han blir aller mest hugsa for, er som skurken Gjest Baardsen.

Barn av teateret

Rollene blei innstuderte i intenst samspel med skodespelaranes eigne liv og kjensler. Det var likevel ikkje sjølvsagt at Toralv skulle bli skodespelar. I framsyninga fortel Toralv om korleis dette gjekk til, og om korleis hans eigen skodespelarkarriere utvikla seg. Med ei musikkelskande mor og ein far som var hardingfele-virtuos, var musikken alltid med, både på scenen og i heimen.

Framsyninga var eit gjestespel i samarbeid med Rune Alver og Toralv Maurstad.

- Ofte så jeg dem bare da de var hjemom for å spise etter prøvene. Så gikk mor for å lese lyrikk og far for å øve på fela, før det var forestilling på kvelden.

Finn ut meir