Terningkast fem

«Dette kan bli årets store teatersnakkis»

«I sjeldne tilfeller stemmer det at en tekst kan stige opp av historien og treffe en streng i tiden. Dette skjer med Tolvskillingsoperaen på Det Norske Teatrets hovedscene.»

«denna uppsättning har ett inneboende politiskt-poetiskt sprängstoff. (...) Det är helt enkelt imponerande.»

Kva gjer det med oss menneske når det meste er til sals, korleis ser vi på vår neste? Som ein... ting? Og kva om denne neste faktisk ER ein ting?

Det var ein gong eit lite land langt, langt mot nord. Kongen var i ferd med å bli gamal, og marknadskreftene tok til å ta over restane av ein smuldrande velferdsstat. Fjellheimen og nasjonalparkane var blitt private hyttefelt eigde av konglomerat og konsern frå heile verda. Innbyggarane heldt på å bli overflødige som arbeidskraft. Arbeidsoppgåvene var tatt meir og meir over av menneska sine intelligente løysingar, og avatarane hadde rykka inn - ikkje minst i teateret. Dei trong ikkje kvile eller mat, og sa heller aldri nei.

Eit moderne eventyr

Brecht og Weills Tolvskillingsoperaen frå 1928 gir ei burlesk framstilling av ein framstormande kapitalisme. Den var eit tidleg forsøk på å lage teater der politikk, eventyr og musikk gjekk opp i ei større eining. Denne røvarhistoria - ein stad mellom teater og opera - kan kanskje sjåast som ein liten kikk inn i ei tid i emning, der tilgang til vidde-snå er tilgang til gevinst, der kulturarbeidaren slit i marknadens motvind, og der ein må gå lenger og lenger for å nå fram til den frie strandsona.

Framsyninga er dedisert til Det Norske Teatrets musikar Nils Jansen, som skulle ha vore med i bandet, men brått gjekk bort våren 2021.

Digitalt framsyningsprogram!

Lytt til nokre av Tolvskillingsoperaen mest kjente songar. Kva for ein er din favoritt?

Finn ut meir