Kan du redde framtida - og deg sjølv?

Stage your city er ei digital utforsking av byen, ein installasjon og ei teaterframsyning på ein gong. Samtidig er det ein emosjonell spasertur gjennom menneskelege verdiar.

2018: I dag har internett, mobil og anna nettbasert kommunikasjonsutstyr har skapt nye måtar å interagere på og gitt oss nye vanar. Alle er med på utviklinga av informasjonssamfunnet kvar einaste dag. Eit nytt stadie av industrialiseringa har starta, nemleg kodinga av all menneskeleg aktivitet. Denne nye dataøkonomien lover uendelege moglegheiter og reduksjon av global usikkerheit, og er dominert av gigantiske internasjonale selskap.

2052: Fire ekspertar er komne frå framtida for å fortelje oss i dag om framtida for menneskeheita: Ei fredfull verd under kontroll der all menneskeleg aktivitet er organisert av kunstig intelligens. Den algorytmestyrte rasjonaliteten tar seg av eit behageleg og regulert sosialt liv. Ei generell felles forteljing om menneskeslektas historie har blitt påtvinga alle.

Null kjensler

Men i den dystopiske verda Zigmagora virkar ingenting lenger. Dette totalt trygge og kontrollerte samfunnet er blotta for kjensler og empati. Menneska er ikkje i stand til å elske lenger.

Oppdrag

Vårt oppdrag er å gjenopplive tapte emosjonar, verdiar, samhald, likeverd og spor av humanitet. For å gjennomføre oppdraget, blir publikum inviterte til å streife gjennom byen på jakt etter det som er gått tapt. Men ein vil møte på mange dilemma undervegs; Emosjonar og kjensler er knytt til val vi tek på vegen og korleis vi steller oss til andre levende vesen, ting og stader. Vil vi vere i stand til å endre Zigamoras framtid – vår framtid? I tilfelle: på kva måte?

Kva, kor og når?


Installasjon


Her møter du fire ekspertar frå eit perfekt, men kaldt samfunn styrt av maskinar og kunstig intelligens, frå året 2052.

Gåtur i byen


Publikum blir delte inn i fire ulike grupper og sendt ut i byens gater. Kvar og ein må ha med seg ein smarttelefon med ørepluggar. Ein får guiding gjennom appen Zigamora og går til fire ulike stasjonar der ein kan lytte til tekstar, ta bilde, møte merkelege karakterar, lytte til musikk og løyse dilemma. Kjærleik, helse, identitet, overvåking – kva ved desse temaa vil vere viktig for oss i framtida? Dine val teller!

Teater


Tilbake i teateret vil du møte det siste dilemmaet – deg sjølv!

Før du kjem til framsyninga, må du laste ned appen ZIGMAGORA:
Zigmagora-app for Android

Zigmagora-app for iPhone Imens appen lastar ned, må du gå inn på INNSTILLINGER - GENERELT - ENHETSADMINISTRERING og godkjenne appen frå LEMONDO BUSINESS LLC

Stage Your City er eit prosjekt skapt av partner-teatera Centre Dramatique National Nancy-Lorraine (F), Badisches Staatstheater Karlsruhe (DE) og Kote Marjanishvili State Theatre Tbilisi (GE), co-produsert av European Theatre Convention (ETC).

Samarbeidspartnarar: ZKM / Center for Media and Art, Karlsruhe (DE), Prestige Film Karlsruhe (DE), Bruno Cohen, Nancy (F), Chris Ziegler, Arizona State University / School of Arts, Media and Engineering (USA), WANDIO Tiblisi (GE).

Prosjektet European Theatre Lab: Drama Goes Digital har blitt utvikla med støtte frå Creative Europe-programmet til EU.