Komisk om det tragiske ved å leve.

Lars Norén er ein meister i å skildre den dysfunksjonelle familien. I Som lauvet i Vallombrosa observerer han samtida med humorisktisk svartsyn.

Ein familie i fire generasjonar møtest i eit sommarhus ved havet. Den aldrande familiefaren er sjuk, og dei veit ikkje kor lenge han har igjen. Huset skal seljast, og dette kan vere den siste sommaren. Under den lyse sommaridyllen boblar år av undertrykte kjensler. Søskena er ueinige, både kjærleiksforhold og søskenrelasjonar skrantar. Nede på stranda døyr fuglane i oljesøl. Familiens forsøk på triveleg passiar blir snart overdøyvd av etsande sarkasmar og sårande skuldingar. Alle lengtar dei bort.