Solaris korrigert

Kva er vi i ferd med å gjere med jorda vår? Bli med Ane Dahl Torp til år 2480

WAT vul aig bli om du ku kreip frå din vorld til uss?

Kva held vi på å gjere med jorda vår? Kor vil dette føre oss? I Solaris korrigert smeltar lys, musikk, scenografi og tekst saman til ei oppleving som ligg i grenselandet mellom teater og konsert. Ane Dahl Torp framfører teksten og Sjur Miljeteig står for musikken når dei to igjen står saman på scenen etter suksessen med Haugtussa. Tematisk stiller stykket eksistensielle, samfunnsmessige og økokritiske spørsmål.

Framtidsspråk og teknologi

I Solaris korrigert er hovudkarakteren «aig» (spelt av Ane Dahl Torp) i ferd med å flytte under havoverflata, til tørrlagde oljebrønnar. Han jobbar med teknologi, rør, slangar og hydraulikk, mens verda omkring i aukande grad blir omsett til eit digitalt spegelbilde. Det minner om trekk vi ser rundt oss i dag, der både jobb, offentlegheit og sosial kontakt flyttar stadig meir over i virtuelle rom. «Aig»-personen fortel om arbeidsoppgåver, tankar og draumar frå dagleglivet slik det framstår i år 2480.

AIG love
miner rektangl-robots (1200 x 400 x 350 mm)!
OLDA og simpl-mekanical som dei er.
DEI er ne onli part af modern modell-
novledg. DEI er ogso part af old sea,
af old pipes og old grease.

Språket er ein hybrid av stavangerdialekt, skotsk, engelsk, nederlandsk, dansk og gamalnorsk. Eit språk som kanskje har blitt til gjennom fleirnasjonale samarbeid i oljeindustrien. Diktet har utmerka seg ved å setje det norske oljeeventyret på den poetiske dagsordenen. I løpet av dei 11 åra etter utgjevinga av Rimbereid dikt har fiksjonen så smått begynt å hente inn verkelegheita: Det norske oljeeventyret er i ferd med å ta slutt.

Høyr musikk frå framsyninga:

 

Virtuell verkelegheit

Jorda som vi kjenner den er for øydelagd og usunn til å leve på i år 2480. «Aig» bur i ein bydel i byen Stavgersand kalla «organic 14.6». Hit kjem velståande turistar som ønskjer å oppleve nokre av dei få områda som framleis er urørt natur. Området er strengt overvaka av Mrs. Chan, som kanskje ikkje eigentleg finst, men berre er ein datamaskin eller eit firma.

AIG veit ne wat aig mein om mrs. Chan ennimeir …
HU haf naw vid 14.6 siner intern lovar
bestimmen at nearli heila 14.6 ska til
Seifa botten flytta.
DEN ska «SOLARIS» kallast.

Ho har funne ei løysing på korleis dei skal overleve i framtida: Dei skal flytte til ein «mirrorvorld», der «pictographics» blir skapte av ein datamaskin, heilt etter kva kvar enkelt ønskjer å sjå og oppleve, kalla Solaris. I denne virtuelle verkelegheita får også alle skapt ein perfekt modell av seg sjølv. Ingen treng å jobbe.

DEN ska «din duplicata aig» vera, dei seis,
so humans eftr meg ku laera meg ou kenna.
Men wat vul den self tenk an?
WAT vul den tenk om meg
som ein gang original existen?
VUL den an meg tenk vid luck
or vid sorg?

Men kva skal kjærasten Shiri, som er fotograf, gjere der nede? Vil modellen av «aig» leve vidare, også etter at «aig» er død? Og kva hender om sjefsdatamaskinen krasjar?

Sjå litt av korleis vegen fram mot Hovudscenen ser ut i prøvetida her – musikken er frå framsyninga:

Kunstprosjekt på Hovudscenen

Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig har tidlegare gjort stor suksess med å bringe dikt til teaterscenen. For snart to år sidan hadde dei premiere på Haugtussa, som framleis står på repertoaret. Denne gongen har dei med seg husregissør Peer Perez Øian. Videodesignar Roger Gihlemoen har animert ein avatar av Dahl Torp som blir projisert som eit hologram på scenen og lysdesignar Kyrre Heldal Karlsen tek i bruk det som finst av lyseffektar for å skape eit stort, poetisk rom. Scenografi  og kostyme er ved Unni Walstad.

For å binde det heile saman har musikar og komponist Miljeteig laga eit scifi-inspirert elektronisk lydteppe. Han har henta inspirasjon frå gamle heltar i Kraftwerk og musikken til filmen Brazil. Solaris korrigert tek i bruk heile teaterrommet og alle Hovudscenens tekniske fortrinn. Det er med andre ord langt frå ei ordinær diktframføring, teksten blir sett inn i ei storstilt kunstramme.