Korleis leve vidare etter å ha mista sitt einaste barn 22. juli?

I løpet av ei veke i august opplever Sofie og Otto fleire små ulykker. Kvar for seg er dei ikkje så alvorlege, men dei viser korleis livet er i ferd med å slå sprekker; både i heimen, på arbeidsplassen og i vennekretsen. Er alt i ferd med å falle frå kvarandre eller er det berre eit uttrykk for at ei større livskatastrofe ikkje er skikkeleg gjennomlevd?

Middelklasseliv på tøyen

Sofie jobbar på Munch-museet som no er bygd i Bjørvika, Otto er leiar for FROM, Foreningen for romfolket. Dei har busett seg på Tøyen. Valet av jobb og bustad er del av ein plan for overleving. Det er åtte år sidan terrorangrepet, der Sofie mista dotter si. Ekteparet har halde det gåande fram til denne veka i august. Kor lenge kan ein dele sorga og når er det ein begynner å leve åleine i si eiga sorg?