Ro mitt hav med skodespelar Anne Marit Jacobsen og musikar Sinikka Langeland er ei varm og humoristisk framsyning basert på tekstane til Jon Fosse.

Anne Marit Jacobsen blei i 2019 beden om å gi ut ei diktsamling med tekstar av Jon Fosse. Det var Fosse sjølv som ønskte dette. Tekstar frå denne boka er stammen i Jacobsens prosjekt Ro mitt hav.

Med seg på scenen har ho ein av våre fremste folkemusikarar, Sinikka Langeland, som har komponert musikken. Langeland er vel etablert i både inn- og utland, med kantele som hovudinstrument – noko som gir moglegheiter både til instrumentalmusikk og som akkompagnement til lesing og song. Uttrykket hennar er variert med eit breitt spenn, noko som gir Fosses dikt ei vakker ramme.

Sidan 1986 har Fosse gitt ut ei rad diktsamlingar, blant andre Engel med vatn i augene, Auge i vind og Songar og Stein til stein. I lyrikken til Fosse er det fjord og fjell, regn og mørker, bølger og hav, hundar og englar. Fortid, notid og framtid går i kvarandre, og grensene mellom liv og død er gjerne viska ut.

På spørsmål om korleis ein skal lese dikta, har Fosse sagt:
«Det er berre å lesa dei. Anten høyrer ein den tause musikken, eller så gjer ein det ikkje.»

Finn ut meir