OSLO

Teaterframsyninga om Oslo-prosessen

Håpet om at samtale og gjensidig respekt kan bidra til å løyse fastlåste konfliktar.

Teaterframsyninga Oslo er ein dikta kortversjon av historia om Oslo-prosessen. Det er ei historie om uventa samantreff, optimisme for fastlåste konfliktar og politisk spel med hyppig servering av vaflar. Det er også ei forteljing om korleis Noreg fekk ei rolle som internasjonal fredsmeklar, og korleis ekteparet Mona Juul og Terje Rød-Larsen blei sentrale i arbeidet med ein historisk fredsavtale mellom Israel og Palestina, den såkalla Oslo-avtalen.

Dette var første gangen partane i konflikten møttest ved forhandlingsbordet. Arbeidet gav året etter Nobels Fredspris til dei politiske leiarane i Israel og Palestina. Freden var ikkje langvarig, men sådde likevel eit håp om at det er mogleg å nå fram med samtale. I ettertid har kritiske røyster stilt spørsmål ved heile prosessen.

Teaterstykket OSLO er eit forsøk på å skildre korleis desse forhandlingane kan ha gått føre seg. Dramatikar J.T Rogers har med utgangspunkt i dokumentarisk materiale dikta rundt dei intense forhandlingane og skrive ein prisvinnande, underhaldande politisk thriller. Karakteren Mona Juul set døra på gløtt inn i forhandlingsrommet. Frå scenen granskar ho si eiga rolle i dette politiske spelet; Sjølv no slit eg med det. Å vite om det vi gjorde – og måten vi gjorde det på – var rett.

Fred som «eksportvare»

Det er også ei forteljing om korleis eit lite land som Noreg fekk ei rolle som internasjonal fredsmeklar, og på nokre månader i 1993 blei sentrum for forhandlingar i ei av dei mest fastlåste konfliktane i etterkrigstida. 13. september same haust blei den historiske Oslo-avtalen signert i Washington. Dette var også med på å etablere Noreg som ein viktig internasjonal aktør, med fred som ein av våre «internasjonale eksportvarer».

Menneska bak

Teaterstykket OSLO ønskjer å vise menneska bak forhandlingane, korleis ein kan møtast på ulike nivå og vise ulike sider av seg sjølv, trass i at ein representerer to ulike partar i ein fastlåst politisk konflikt. Dramatikar J. T. Rogers meiner historia har alt ein dramatikar kan ønskje seg: Det er aktørar under press, det er dramatisk, kjenslelada og det handlar om historisk viktige avgjerder. Forhandlingane i Oslo-prosessen tok i bruk nye metodar som bygde på tillit mellom partane og uformelle møte – vaflar spelte ei ikkje heilt uvesentleg rolle. Dei involverte i den hemmelege Oslo-prosessen var få. Frå norsk side var Mona Juul, tilsett ved Utanriksdepartementet, og mannen hennar, Terje Rød-Larsen, samfunnsforskar ved Fafo (Fagbevegelsens senter for forskning, utredning og dokumentasjon), sentrale aktørar.

Korleis kunne eit norsk ektepar ende opp som fredsmeklarar for Midtausten? spør historikar Ada Nissen.

Bakgrunnen for Oslo-prosessen

Frå januar 1993 hadde Noreg fasilitert ein serie uformelle møte mellom israelske styresmakter og Palestinian Liberalisation Organization (PLO) i Noreg, gjennom det som blei kalla Oslo-kanalen. Forhandlingane mellom den israelske statsministeren Yitzhak Rabin og PLO-leiar Yassir Arafat gjekk føre seg i hemmelegheit på ulike adresser på Austlandet, etter at tilsvarande forsøk i Madrid og Washington hadde stranda.

INTRODUKSJON FØR FRAMSYNINGA

ved Jørgen Jensehaugen

DATO: 17. JANUAR KL. 19.00

Etter fleire år med politisk og militær kamp for frigjeringa av Palestina, sat PLO sin leiar Yassir Arafat i eksil i Tunisia. PLO var tilnærma konkurs, og i dei okkuperte områda hadde lokale palestinarar tatt saka i eigne hender under intifadaen. Arafat var desperat etter ei moglegheit til å få tilbake den sentrale posisjonen sin – Oslo-kanalen gav han den moglegheita. Jørgen Jensehaugen er seniorforskar ved PRIO. Høyr han introdusereOslo i Bikuben før framsyninga.

ved Ada Nissen

DATO: 19. JANUAR KL. 16.45, 22. JANUAR KL. 18.45, 5. FEBRUAR KL. 18.45

Korleis kunne vesle Noreg bidra til å løyse ein av verdas mest fastlåste konfliktar? Den såkalla Oslo-avtalen er historia om uventa samantreff, politisk spel og asymmetriske maktforhold i forsøket på å skape fred i Midtausten. Det er ei historie om optimisme, djup fortviling – og kanskje ein avtale som aldri skulle vore inngått? Ada Nissen er historikar tilsett ved UiO, med doktorgrad i Noregs fredsarbeid. Høyr ho introdusere framsyninga OSLO i Bikuben før framsyninga. Det er gratis, og du treng ikkje billett.

Teaterpodden med Ada Nissen

Historikar Ada Nissen fortel her kortversjonen av historia om Oslo-prosessen og korleis eit norsk ektepar enda opp som fredsmeklarar i Midtausten.

 

OSLO
av J.T. Rogers
Opphavleg produsert ved Lincoln Center Theater
New York City 2016

Teaterforlag: Nordiska ApS – København