Openberringa

  • Scene : SCENE 2
  • Pris frå: 200 ,-
  • Premiere: Noregspremiere 22. februar 2019

Kva er ei god handling?

Vi lever i ei ny tid. Familien, nasjonen og Gud er komne tilbake til menneska på jorda. Tre menneske blir sette på prøve av det dei meiner er høgare makter. Kva er verkeleg, kva er sant? Korleis skal ein møte andre si overtyding? Kan det hende at ein gud vil fortelje oss noko vi ikkje forstår?

Ein familiemann midt i livet, godt situert i det øvre laget i samfunnet, får ei openberring om å utføre eit heilagt offer. Handlinga vil gjere han misforstått i samfunnet og utstøytt av sine næraste: Han skal gi all sin kjærleik og nærleik til tiggarkona Maria. I søppelrommet like ved kranglar eit narkomant brødrepar om kven som var favorisert av foreldra. Ei 17 år gamal jente har fått eit kall om å starte ein heilag krig for å redde landet. Mens Maria, den einaste som faktisk har trudd heile livet – trass i alle lidingar ho er blitt utsett for – begynner å tvile.

Å SØKE ETTER MEINING

Gjennom tre parallelle historier om menneske som på eitt eller anna vis har fått eit kall om å utføre eit heilagt offer, problematiserer stykket tema som tru og tvil, moral og empati, kva som er godt og kva som er vondt, og menneska si søking etter ei høgare meining.

UROVEKKANDE

Openberringa er gåtefull, men kraftfull samtidsanalyse, både ein undergangsvisjon og eit drøymespel med bibelske referansar. Med ein beksvart og absurd humor blir sosiale spørsmål kryssa med eksistensielle. På gresk heiter openberring «apokalypse», og dommedagen er definitivt nærverande i dramatikar Mattias Anderson sitt dystre samtidsdrama. Anderson blitt omtalt som Sveriges mest spennande samtidsdramatikar, og stykket fekk svært god mottaking i pressa etter premieren på Dramaten i 2017. Stykket vil ha Noregspremiere på Det Norske Teatret.