Veldig godt organisert. Dei tilsette hadde god kontroll på elevane og opplegget var spennande og lærerikt.

Lærar

Vanvittig gode instruktørar med stort engasjement og stålkontroll. Imponerande!

Lærar

Velkommen til oss! På omvising får du oppleve ein travel og spennande teaterkvardag frå innsida.

På omvising vil du få eit historisk tilbakeblikk på stiftinga av Det Norske Teatret og korleis eit nytt teaterhus blei reist. Du får bli med bak kulissane i eit 26 000 m2 levande teaterhus med fire scenar, prøvesalar, lydstudio, verkstader (målarsal, snikkarverkstad, kostymeavdeling, maskeavdeling og smie) – og ein av Nord-Europas største vareheisar! Vi gjer merksame på at Det Norske Teatret er ein arbeidsplass, og at det nokre gonger er restriksjonar på kvar ein kan ferdast.

Rundt på huset er det store avstander og ikkje alltid høve til å bruke heis, så om du har nokre spesielle behov så meld dette til oss så snart som mogleg.

Grupper

Vi tek imot gruppebestillingar på mellom 10 og 20 personar.
Pris per person er 100 kr og for skoleelevar 60 kr.
Om gruppa er på mindre enn 10 personar gjeld ein fast pris på 1000 kr per omvising (600 kr for skolegrupper).
For gruppebestilling, fyll ut skjema under
. Omvisinga tar om lag 1 time.

Frist for avbestilling er 15 dagar før omvisingsdato. Om avbestilling skjer under 15 dagar før, er det eit avbestillingsgebyr på 600kr pr. omvisar.

English guided tours

For groups. On demand.

Would you like to see more of the Norwegian Theatre, our history and what everything looks like behind the stage? We offer guided tours in English! Experience our colorful and vigorous house with four stages, rehearsal stages, workshops, hair and make-up department, costume department and much more.

We offer tours for groups between 10-20 people.*
Ticket prices: 100 NOK per person.
Running time: Approximately 1 hour.
For booking, please e-mail omvising(@)detnorsketeatret.no

*If your group is smaller than 10 people, we may offer you a tour for 1000 NOK.

Our house is massive, and we will climb around 200 steps as we move throughout foyers and spaces. While there are railings and a number of rests throughout the tour, you will not have the opportunity to sit for any long period of time. Should you have less mobility than what we describe, please let us know before you arrive so we can accommodate your needs.
Please note that The Norwegian Theatre is a workplace for over 200 people, which might restrict the route of our tour.

Litt historie

"Lat då stå til! Lat oss grunnleggje Det Norske Teatret!" ropte Arne Garborg i 1912.

Hulda hadde truleg puffa på han: "Syng ut, du, for du blir truleg hørt!"
Hørt vart ho elles sjølv - og ikkje minst sett, vil eg tru -
der ho med spelflokken sin alt var i sving utover det ganske land
med nettopp å grunnleggje Det Norske Teatret.

Men grunnsteinane, sa Garborg - kanskje hadde han det frå Hulda,
det òg - grunnsteinane var det ungdommen rundt om i landet som la
ved sin trong til teater og ved dei spelstykke-framsyningar
dei sjølve fekk i stand."


Dette vesle utdraget frå prologen til Halldis Moren Vesaas, skriven til opninga av nybygget i 1985, gjev eit godt bilete av drivkreftene i teaterets historie. Det var og er ein del av ei folkerørsle der vidareføringa av Ivar Aasens målreisingsarbeid var både mål og middel. I føremålsparagrafen for DNT frå 1913 står det derfor at ein skal "syna fram skodespel på norskt mål i bygd og by". Å leggje eit nynorskteater til hovudstaden, sjølve senteret for embetsmannskulturen og den dansk-norske språktradisjonen, var sjølvsagt eit vågestykke, men også heile poenget. Det var her striden måtte førast. Og noko mindre enn det smålåtne namnet "Det Norske Teatret" kunne ikkje duge. Inspirasjon til "målteateret" hadde Hulda og Arne Garborg henta i Berlin, frå sine reiser dit i 1890-åra og omgangen med kunstnarar ved "Freie Volksbühne", eit folkeleg selskap for litteratur og teater.

Det Norske Teatret er eit av landets største teaterhus. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre. Vi har 235 årsverk og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå.

Etter nesten 70 års kamp for å få sitt eige teaterhus blei det noverande teateret i Kristian IVs gate 8 opna i 1985, teikna av 4B Arkitekter. Ein av Noregs største teaterscenar bygd i betong og stål, og kledd i tegl, kopar og glas. Foajeen blei renovert for moderne tider i 2018. Det blei bygd nye barar, kafe og ny billettluke med eigen teaterbutikk.