OLBMOT/FOLK er ein kunstnarleg respons på hendingar frå vår nære fortid, eit resultat av fleire historier og mange ulike folk.

Skygger fra fortiden
noe har skjedd som fortsatt følger oss
noe sitter fast
noen har flere skygger enn andre

OLBMOT/FOLK er ein kunstnarleg respons på hendingar frå vår nære fortid, eit resultat av fleire historier og mange ulike folk. OLBMOT/FOLK er ei samling fabuleringar over historiske hendingar som ein respons til det som framleis sit fast og som fortsett. Ein samansett vev som ikkje gir svar. Tekstane består av fleire glimt frå rasebiologiens historie. Dei beveger seg historisk over fleire stader og tider. Auschwitz og målingar av sameskallar i Sápmi dannar eit tematisk tyngdepunkt.

Framsyninga har ikkje ei sosialpolitisk målsetjing, ho har ikkje tilsnitt av dokumentarisme, journalistikk eller ønskje om fakta. Framsyninga er eit resultat av mange og ulike folk. OLBMOT/FOLK har ikkje ein moral, peikar ikkje på ei løysing. Ho er ei samling fabuleringar, ord, tankar og subjektive lydar som ein respons på skuggane frå fortida.

Med
Anitta Suikkari, Mary Sarre, Nils Henrik Buljo, Anja Bongo Bjørnstad, Ingá Márjá Sarre, Iŋgor Ántte Áilu Gaup, Egil Keskitalo, Eila Ballovara Varsi, Ole Thomas D. Nilut, Jan Cato D. Nilut