Nila og den store reisa

  • Scene : HOVUDSCENEN
  • Varigheit : 1 TIME 30 MIN (ikkje pause)
  • Pris frå: 235 ,-
  • Premiere: Urpremiere 13. oktober 2018

Ei musikalsk familieframsyning om fantasiens kraft.

Nila har ein fantastisk fargerik fantasi som kan trylle fram dei mest utrulege historier om dragar og prinsar og havfruer og få dei rundt seg til å tru at det er sant. Men i heimlandet er det krig, og Nila må flykte saman med bestefaren som er sjuk, og den unge guten Yasin, som dei reddar frå å drukne. I båten over havet er det eventyra hennar som gjer den forferdelege situasjonen mogleg å halde ut. Nila og den store reisa er ei nyskriven satsing på Hovudscenen om korleis krafta i gode forteljingar kan overvinne mørkeret.

DANSK TOSPANN

Maria Kjærgaard-Sunesen er ein kjent dansk regissør som tidlegare har sett opp Ingenting av meg (av Arne Lygre) på Scene 2. No har ho fått i oppdrag å skrive og sette i scene haustens familieframsyning. Ho har med seg den faste scenografen sin, Mie Riis, og saman presenterer dei ei historie inspirert av eventyr frå heile verda.

Passar frå 8 år.

LES MEIR I ARTIKLANE UNDER