New Skin

New Skin er et scenisk verk i grenselandet mellom konsert og installasjon, eit framtidsrekviem, ein seremoniell framvising av ei partert historie som blir sett saman på nytt.

Vi har stirra så lenge på skjermar. Vi har gapt desillusjonert av nyheiter. Vi har kjent stanken av apati. «Theres something rotten in the state of Man». La oss ta eit skritt tilbake, skrelle oss inn til skjelettet, stable oss saman på nytt og stake ut ein veg inn i framtida. Myter frå oldtida fortel oss at det ikkje er verkhelegheita som skapar draumane våre, draumane skapar verkhelegheita. Lat oss endre draumen. 

Konsert og installasjon

New Skin er eit scenisk verk i grenselandet mellom konsert og installasjon. – Eit framtidsrekviem, ei seremoniell framvising av ei partert historie der skjelett, kroppsdelar, måleri, lydar og melodiar piplar fram frå mørkeret og blir sette saman på ny. Stykkevis og delt, kviskrande, syngande og brølande vil vi vekke noko nytt ut av knoklane, bryte ned gamle maktstrukturar, bygge eit nytt narrativ, påkalle ei ny bevisstheit. Dei vil leie publikum baklengs inn i framtida, medan signal frå popkultur, mytologi, og gamle gløymde gudinner blir kanaliserte frå mørkeret og inn i scenelyset.

Co-produsentar: Black Box teater (Oslo), Ultimafestivalen (Oslo) & BIT-teatergarasjen (Bergen). Støtta av: Kulturrådet, Fond for Lyd og Bilde og Det norske komponistfond.