Terningkast fem

Nashornet er en av de sjeldne forestillingene som blir bedre jo mer man tenker på den i etterkant

oppsetningens regigrep treffer publikum godt

Klassekampen

intelligent og stilsikker

Tenk deg at det er søndag formiddag. Du er sliten, har vore på fest kvelden før, det dunkar i hovudet og det veks eit loddent ullteppe på tunga di. Du sit på torget saman med ein kamerat og vurderer om du skal kjøpe deg ein øl for å reparere, da det plutseleg spring eit nashorn forbi.

Eit augeblikk blir du forferdeleg redd, ikkje for nashornet, men for din eigen psykiske tilstand. Ein hallusinasjon?! Kanskje du er i ferd med å bli alkoholikar? Så forstår du plutseleg at også kameraten din, som ikkje var på fest i går, såg nashornet, og du slappar av igjen. Puh. Så er det altså ikkje så ille likevel. Berre eit nashorn. Og no er det borte. Ikkje noko å ta på veg for. Visst er det rart at nashorn spring lause rundt i byen, og kanskje til og med farleg, i alle fall er det slett ikkje ønskeleg, men det går heilt sikkert over av seg sjølv, slik merkelege ting gjerne gjer.

Finn ut meir