Kva gjer at menneske køyrer bilar inn i menneskemengder, skyt ungdom på ei øy eller sprenger seg sjølv og andre i lufta? Kvifor vil unge menneske reise til krig og terror i Syria? Er det idealisme, hat eller spenning som er drivkrafta? Reiser dei til noko, eller frå noko?

Nadia undersøker kva som ligg bak ei ung jentes avgjerd om å reise til Syria. Framsyninga tematiserer radikalisering, spørsmål om identitet, kva det vil seie å høyre til og kva slags livsval unge menneske kan stå overfor.

Internasjonalt samarbeid

Nadia er eit gjestespel frå teateret Toneelmakerij i Nederland, og er ein del av samarbeidet i nettverket European Theatre Convention. Teater i Parma, Liege, Karlsruhe og Amsterdam har denne framsyninga på repertoaret i løpet av 2017. Ved Det Norske Teatret er framsyninga Det har visst vore ein episode del av samarbeidet. I tillegg utviklar prosjektet eit pedagogisk opplegg for rundt 1500 skoleelevar. Elevane arbeider på Facebook med spørsmål knytt opp til tema relevante for framsyninga. Hausten 2017 skal skoleelevar frå Akershus samarbeide med elevar frå Belgia, Italia og Nederland.

Tekstfragment

Eit felles utgangspunkt for teatera har vore skodespelet Nadia av den nederlandske dramatikaren Daniël van Klaveren. Han har tidlegare tematisert radikalisering i stykket Jamal og held fram med det i Nadia:
Eg trur det er viktig at vi held fram med å spørje kor radikaliseringa startar. I denne turbulente tida treng vi å vite korleis ungdom blir fenga av ekstreme idear. Kvifor gir desse ideane Nadia ein tryggare plattform i verda enn livet ho allereie lever? Kva er det ho leitar etter?
Sjå nettsida til NADIA for å lese meir om dette samarbeidet: http://www.searchingfornadia.eu/

Framsyninga blir spelt på engelsk.