«I en mesterlig monolog gjør Linda Eide sin familiehistorie allmenngyldig og viktig.»

«Det er bare Linda Eide som klarer å gjøre et helt ordinært liv om til noe underfundig og fint.»

Bergensavisen

Linda Eide i ei varm soloframsyning der ho utforskar livet til si eiga mor ("Mottro") og det mytiske omgrepet "gamle dagar".

I mange år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Alltid for å grava fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Byrja ikkje Mottro sitt liv med at Linda blei fødd?

Korleis lever gamle dagar vidare i notida? Linda lengtar tilbake til ei tid som aldri kjem att. Mora står trygt planta i notida og ser seg ikkje tilbake.

LINDA: Fekk du ikkje leva ut personlegdomen din, er det det du seier?
MOTTRO: Men herlegheit, det fanst jo ikkje personlegdom før, og om han fanst så hadde ein jo ikkje råd til å bry seg om han, og i alle fall ikkje leva han ut.

Framsyninga er eit gjestespel frå Det Vestnorske Teateret.
Produsert av Det Vestnorske Teateret i samarbeid med HiHat.

Finn ut meir