Gjennom forteljing, dikt og musikk tek Ane Skumsvoll og Thomas Bye deg med på den reisa dei sjølve tok i eit forsøk på å bli kjent med Kolbein Falkeid. Dei deler dikta, songane og historiene, og kanskje finn dei Kolbein inni der ein stad?

Kolbein Falkeid var ein av landets store lyrikarar. Riddar av 1. klasse av St. Olavs orden, mottakar av Brageprisens heiderpris, og forfattaren bak mange av Vamps låtar, mellom dei Tir n'a Noir. Ein poet mange haugalendinger følte dei kjente. Han strauk oss på kinnet og gav oss kloke ord - ord som følgde oss frå liv til død.

Etter at Kolbein Falkeid gjekk bort 27. juni 2021, ønskte Haugesund seg ei minneframsyning. Oppgåva gav teateret til Ane Skumsvoll og Thomas Bye. Men kunne to skodespelarar frå Austlandet lage framsyning om Haugesunds eigen poet?

Ane og Thomas tok med seg kontoret ut i gata for å snakke med innbyggjarane på Haugalandet. Menneskemøta blei mange, og historiene om Kolbein likeså.

Med Thomas Bye og Ane Skumsvoll.

Finn ut meir