Terningkast fem

Innbitt og sterk

Terningkast fem

Blottlagte kvaler

Terningkast fem

Forbrytelser, straff og strutteskjørt

At makt korrumperer blir aldri uaktuelt.

I Skottland har den modige hærføraren Macbeth nett vunne eit avgjerande slag. På slagmarka møter han tre hekser. Heksene spår at han skal få eit større jarledømme som krigsløn, og at han ein dag skal bli konge. Berre timar seinare blir han utnemnt til Jarl av Cawdor. Snakka heksene sant? Skal han òg bli konge?

Kva kan Macbeth gjere for å få spådommen til å gå i oppfylling? Med hjelp frå si æresjuke kone, lady Macbeth, set han i gang eit spel for å vinne makta i landet, og set med det sin eigen lagnad i spel.

Shakespeares mest blodige tragedie

Macbeth blir rekna som Shakespeares mest handlingsmetta, men òg blodigaste tragedie. For etter kvart som ambisjonane tar over for samvitet, går Macbeth over fleire og fleire lik, og får desto fleire fiendar. Fiendar av kjøt og blod, men òg av det meir luftige slaget. Kan fiendane komme tilbake frå dei døde for å hemne seg? Ein mordar ser mordarar overalt. Og kva var heksene som spådde han laga av, eigentleg? Sannseiarar, hekser, eller eit produkt av hans eigen fantasi?

I jakta på å reinvaske seg, forklare og forsvare handlingane sine for seg sjølv, let Macbeth att auga: Kroppen og handlingane blir skilde frå samvitet og sjela.

Eit forbanna skodespel

Macbeth er eit segnomspunne skodespel. Fleire meiner at det er forheksa, og teaterfolk nemner det stort sett ikkje med namn. Det skotske stykket blir det heller kalla av dei mest overtruiske, og historia seier at blir namnet nemnt vil skodespelarane eller produksjonen bli utsett for ei ulykke. Forbanninga, eller forheksinga om ein vil, oppstod allereie på Shakespeare si tid. Historia vil ha det til at Shakespeare nytta ekte trolldomsformularar i heksene sine replikkar, og at dei som spela hekser derfor måtte vere ekte hekser, viss ikkje ville det gå framsyninga ille.

Macbeth av William Shakespeare blei truleg framført første gongen i 1606. Den norske omsetjinga er ved Edvard Hoem. Peer Perez Øian har regien på haustens framsyning.

Finn ut meir