«Leve republikken! er et modig forsøk på å lage barneteater frigjort fra den pedagogiske og forklarende tvangstrøya»

«Visuelt er framsyninga svært god»

Sola står opp på ei aude øy.

Heimanfrå er lenge sidan.
I lysninga ligg eit gammalt vrak.
Dei vaksne tilhøyrer fortida.
Klokka går. Men ingen veit kva tida seier.
Plutseleg har tida gått så altfor lenge.
Plutseleg må alt for mykje skjulast.
Hemmelegheitene blir for mange.
Alle sver – øya fangar.

Republikken lever!

Med referansar til klassikarar som Robinson Crusoe, Peter Pan og Fluenes herre er dette blitt ei framsyning om ei gruppe barn som krasjar inn i ei heilt ny verd, med sine heilt eigne reglar. Korleis skal ein manøvrere når ingenting er kjent frå før, og alt er nytt og framand? Kven er eg, i denne nye verda? Og kor blei det av den eg var før? Finst eg framleis? Finst familien min framleis? Og kva skal til for at eg skal få livet mitt tilbake?

Passar for unge frå 10 år.

Foto: Magnus Skrede
Foto: Magnus Skrede

Finn ut meir