Elisabeth Matheson og Øivind Farmen har henta tekstar frå alle dei fire bøkene til Hoem og lydlagt dei med norsk og amerikansk folkemusikk, men også nyare originalskriven musikk.

Edvard Hoem gav i åra 2014-2017 ut den fire band store slektskrønika om Knut Nesje og etterkommarane hans: Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016) og Liv andre har levd (2017). Bøkene er kritikarroste og elska av publikum. Hoem tek seg tid til å fortelje grundig – og lesaren finn ro. Vårt indre tempo blir eit anna, og slik kan vi følgje dei som utvandra frå Noreg til Amerika på slutten av 1800-talet.

I denne konsertframsyninga stoppar vi opp ved utvalde stader i Eilert Knudsons liv frå han som sekstenåring forlet familien i Noreg og gir seg åleine ut i det framande. Håpet om eit betre liv, slitet og kampen for å slå rot i det nye landet; det får oss til å skjøna dei som i dag søker eit betre liv hos oss. Til slutt sit han att med spørsmålet: Gjorde eg rett? Vart livet betre? Det er eit eksistensielt spørsmål vi kan kjenne oss att i, sjølv om vi ikkje har flytta på oss.