Heftig vennskapsduell med mykje humor.

Advarsel: Å kjøpe eit samtidskunstverk verdt ei heil årslønn, kan sette dei beste vennskap på ein stor prøve.

Få ting kan få så mange elles sindige menneske til å bli så rasande som å vise dei noko dei ikkje likar, og insistere på at det er kunst. Dette er utgangspunktet for KUNST av Yasmina Reza.

Serge har kjøpt eit måleri. Det er VELDIG dyrt og moderne. Så moderne at det ser mest ut som eit kvitt lerret. Serge er overtydd om at dette er kunst. Bestekompisen Marc meiner han er blitt lurt opp i stry, akkurat som keisaren med sine ikkje-eksisterande nye klede. Sistemann i kompistrioen, Ivan, veit ikkje heilt kva han meiner og vil helst ikkje vere ueinig med nokon. Etterkvart fører det kvite måleriet til at vennskapet mellom dei tre mennene raknar fullstendig.

KUNST er eit teaterstykke om kunst, statusjag og fasadespel. Men mest av alt er det ei framsyning om kor mykje sanning eit vennskap toler. Med trekløveret Anders Dale, Øystein Martinsen og Marko Kanic i rollene kan publikum sjå fram til ein skarp og veldreid komedie.

Yasmina Reza

Yasmina Reza er ei av verdas mest spelte nolevande dramatikarar. KUNST blei først spelt i Frankrike i 1994. Sidan har stykket gått sin sigersgang verda rundt, og var blant anna ein publikums- og kritikarsuksess på Nationaltheatret hausten 2011. Stykket har vunne det meste som kan vinnast av prestisjetunge prisar og blir rekna som ein moderne klassikar.

MED
Anders Dale
Øystein Martinsen
Marko Kanic

Finn ut meir