Kva vil det seie å vere einsam, ikkje berre når ein er åleine, men óg når ein er saman med andre? Og korleis blir livet så krevande at einsemda blir det einaste trygge å halde fast i?

Sakte trekk eg-personen seg meir og meir bort frå verda ikring seg. Han blir heimsøkt av tankar om si eiga fornedring, korleis livet hans har blitt kjøyrt til yttergrensa og kva han saknar og lengtar etter. Han dagdrøymer om å elske nokon, om å få familie og barn, om å bli til noko han bli hugsa for. Samtidig finn han trøyst i sitt eige sjølvhat, og einsemda blir hans viktigaste følgjesvenn.

Heilt til han ein dag møter den prostituerte Liza, den unge jenta som plutseleg står framfor han på gata, som skjønar og ser han. Men frykta for å elske og å bli elska er kan hende større enn kjærleiken.

Vi veit jo ikkje lenger kva det levande livet er. Vi skjemst av det og prøver å bli til eit standardmenneske, noko som aldri har eksistert. For «To gonger to er fire» er heilt uuthaldeleg. Det er glimrande, men uuthaldeleg. Og sidan alle hyllar det, kan jo eg erkjenne at jeg føretrekk at «to gonger to er fem».

Kjellarmennesket Amund Sigurdssønn Karlsen Liza Kirsti Refseth
Regissørar Sara Wist Tangenes, Johannes Holmen Dahl Dramatisering Nils Sletta Omsetjing Isak Rogde Omarbeiding Amund Sigurdssønn Karlsen, Sara Wist Tangenes, Johannes Holmen Dahl

Betal det du vil*

* Du bestemmer prisen!
Frå nyttår til og med 1. mai blir heile repertoaret på Scene 3, med unntak av gjestespel, lagt inn i ein ny og annleis pristabell. Da er det du som publikummar som avgjer kva du vil betale for billetten. Vi har fleire ulike prisklassar å velje blant, og ingen vil sjekke kven som betalar kor mykje.