Kasimir og Karoline

Alt går til helvete.

- Så kvifor ikkje ta seg ein skikkeleg fest?

Har du tenkt på om økonomi faktisk – utan at vi tenkjer så mykje over det i vårt «klasselause samfunn» – kan påverke personlege relasjonar?

I Kasimir og Karoline blir vi med på ein vill Oktoberfest der alle samfunnslag møtest for å drikke øl av gigantiske krus, ete digre pølser og gjere ting dei absolutt ikkje elles ville ha gjort. Alle har ein grunn for å gløyme kvardagen for ein kveld. Hovudscenen er gjort om til ein blanding av øltelt og sirkustelt, her er rutsjebanar og karusellar og karaokemusikken ligg som eit 4/4-dels-bedøvande teppe på toppen av rusen. Her boltrar eit ungdommeleg, feststemt og talrikt ensemble seg i ein fargesterk og fantasirik scenografi.

Klasse og kjærleik

Her er også Kasimir og kjærasten Karoline. Men Kasimir er deppa. Han har akkurat mista jobben, og Karoline synest plutseleg at han ikkje er så attraktiv lenger. Han er usikker på om han er bra nok for henne. Kanskje dei burde ta seg ein pause? I kveld vil i alle fall Karoline gløyme alt. Ho blir med kven som helst på kva som helst, så lenge det er artig. Rart med det, men det ser ut til at det er dei med flest pengar som har det mest gøy. I nedgangstider gjeld det å vere med dei som svingar opp, når bermen går nedanom og heim. Så da held Karoline seg med dei nye «vennene» sine, medan Kasimir held seg med dei småkriminelle tapar-vennene sine og vil helst dra heim. Men korleis ser eigentleg mennene Karoline finn tonen med denne kvelden på henne?

Verkelegheitsflukt

Trass børskrakk og feilslått politikk – stemninga på den årlege Oktoberfesten er den same. Verdsøkonomien vaklar, arbeidsløysa stig i Europa, dei politiske frontane er skjerpa, populisme vinn terreng – framtidsutsiktene er beint fram usikre. Men karusellane på årets største festmønstring snurrar bekymringslaust rundt og rundt. Folk supar øl, flørtar, måler krefter og lar seg underhalde. Når realitetane blir uuthaldelege, leitar vi alle etter eit oppstemt pusterom i den kjipe kvardagen.