Kafka på stranda

  • Scene : SCENE 2
  • Pris frå: 200 ,-
  • Premiere: 16. februar 2018

Kanskje er liva våre meir gåtefulle enn vi trur?

Haruki Murakamis verd er ei verd der draumar og verkelegheit flyt over i kvarandre, der spøkelse finst og menneske kan snakke med kattar.

Haruki Murakami har med sin særeigne stil slått gjennom som Japans mest kjente forfattar her i vesten. Han har eit frodig, humoristisk og rikt språk. Bøkene hans blir ofte omtalte som surrealistiske, mystiske og rare. Han er ikkje redd for å ta i bruk overnaturlege fenomen og romanen Kafka på stranda kom ut på norsk til strålande kritikkar i 2005. Det Norske Teatret er no klar med ei dramatisering av romanen, eit stykke som for første gong blei sett opp på Steppenwolf Theatre i London i 2008.

DRAUM MØTER VERKELEGHEIT

Kafka på stranda følgjer vi to lausleg samanknytte forteljingar. Kafka Tamura, ein 15 år gamal gut som har tatt namnet Kafka etter favorittforfattaren sin, blir fortalt at han ein dag skal drepe sin eigen far og ligge med den bortkomne mora og søstera si. For å sleppe unna faren og denne mørke ødipale profetien flyktar han frå heimen i Tokyo og endar opp i småbyen Takamatsu, og slår seg til i eit bibliotek som blir drive av den gåtefulle frøken Saeki og den meir gjestfrie, transsexuelle Oshima. Er reisa hans bestemt av skjebnen, kan han komme unna fortida si, eller vil han bli innhenta av familiespådomen?

Kattar og parallelle univers

I den andre møter vi den gamle mannen Satoru Nakata, som har evna til å snakke med kattar. Slik kjem han i kontakt med to mystiske kjeltringar; kattedreparen Johnnie Walker og Colonel Sanders – ein kvitkledd hallik med tilgang til ei parallell verd. Dei mytiske motiva er gjenkjennbare, men er det søstera og mora han møter? Spøkelsa som dukkar opp, både i draum og i parallelle røyndomar, har dei noko med fortida hans å gjere? Også tidslinjene er gåtefulle og uavklarte. Nakata blir også driven ut på ei reise, med ei førestilling om at han har eit større kall i livet. Mange trådar blir lagt ut, utan at vi nødvendigvis får nøsta opp alle.

Finst det ei løysing på gåtene?