Johan turi
av Harald Gaski og Gunnar Gjengset
Ei forteljing om korleis eit møte kan endre eit liv, og ei bok kan endre synet på eit heilt folk.
Johan Turi hadde ein draum om å gi ut ei bok som forklarte samanes liv. På byrjinga av førre hundreår blei samane sett på som eit samfunnsproblem, og han ønskte å gi styresmaktene kunnskap om deira levesett, og på den måten påverke styresmaktene til å endre sitt syn på samanes livsførsel. På ei togreise gjennom Skandinavia møter han konsernsjef Hjalmar Lundbohm frå Kiruna. På den same reisa dukkar den danske kunstnaren og antropologen Emilie Demant opp, som drøymer om eit nomadisk liv. Kan Lundholm og Demant hjelpe Turi med å oppfylle sin draum? Og kunne han hjelpe Demant med å oppfylle sin? Johan Turi er ei framsyning om korleis ei bok blei til, om draumar, freistingar, tvil, forføring og anger.
Historie frå verkelegheita
Johan Turi (1854-1936) var ein reineigar frå Kautokeino, og blir rekna som den første samiske forfattaren. Grunna reguleringar i flyttsamanes drift, valde han å flytte til Kiruna-traktene i Sverige med reinflokkane og familien sin i 1870-åra. Her blei han også kjend som ein dyktig ulvejegar. I 1910 gav han ut den første boka skrive på samisk; Muitalus sámiid birra - En bog om lappernes liv, i tett samarbeid med Emilie Demant. Gjennom tekst og illustrasjonar skildrar boka livet til samiske reindriftsamar og tradisjonar på byrjinga av 1900-talet. Boka blei sidan omsett til svensk, engelsk, tysk, ungarsk, japansk, italiensk og finsk.
Framsyninga er eit gjestespel frå Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš
Skodespelarar: Iŋgor Ántte Áilu Gaup, Egil Keskitalo, Inga Marja Sarre
Scenespråk: Nord-samisk
Framsyninga blir teksta til norsk