Poetisk, musikalsk og politisk framsyning med Jakob Jassønn og Sarakka Gaup til styrke og trøyst.

Velkommen til ei musikalsk poesiframsyning med skodespelar Sarakka Gaup og musikar Jakop Janssønn. Duoen framfører dikt av Ailo Gaup/Eallána Bireha Áilu, med musiske lydbilde, rytmar og joik. Det blir poetisk og politisk. Ord som trøyster, styrkar og varmar. Med samisk poesi og rytme som raud tråd, basert på den rike forfattarskapen til Gaup, utforskar dei temaa urfolkskunnskap, naturvern og samisk åndelegheit.

«Ja» på nordsamisk tyder «og». Tittelen har ei dobbeltyding: «Ja» som i å seie ja til livet, «og» som i å vere begge delar: samisk og norsk. Ordet har blitt viktig for Sarakka, for Ailo Gaup, som er faren hennar, reiste vidare i 2014. Ho arva ein identitet som fleirkulturell av han, og sjølve livet, som ein jo takknemleg skal seie ja til. Denne forestillinga er ei hylling til forfattarskapen hans, og kunnskapen han etterlot seg.

Jakop Janssønn er ein samisk jazzmusiker (trommer og elektronikk) frå Romssa/Tromsø, utdanna ved Norges Musikkhøgskole i Oslo.
Sarakka Gaup/Eallana Bireha Áilu Sarakka
er samisk skodespelar frå Guovdageaidnu/Kautokeino og Oslo, utdanna ved Teaterhøgskolen i Oslo, KHiO, for tida knytt til Det Norske Teatret.

Scenespråk: Nordsamisk og norsk

Om Ailo Gaup

Eallána Bireha Áilu var ein norsk-samisk forfattar, journalist, dramatikar, poet og lærar i samisk urfolksmytologi/sjamanisme. Gaup skildra samisk liv og kultur, og samane sin kamp for å overleve som folk. Han var fødd i Kautokeino/Guovdageaidnu, og under andre verdskrigen blei Gaup, som mange andre i Finnmark, evakuert og sendt sørover. Han brukte livet sitt på å ta tilbake sin samiske identitet. Han skreiv diktsamlingar, romanar, dramatikk og fagbøker.

«Alt er gratis*»

Framsyninga ein del av «Alt er gratis*»-perioden på Scene 3 hausten 2023.
Gratisbillettane blir lagt ut kl. 08.00 7 dagar før speledato.
Det er avgrensa tal på plassar, og stor rift om billettane!