av Transquinquennal og Marie Henry

- Ny heis i Babels tårn.

Kva skjer når ein ikkje forstår kvarandre?
Idiomatic
utfordrar språk og verbal kommunikasjon framføre og i lag med publikum: Fem skodespelarar møtest på scenen for å lage ei framsyning i lag. Men dei kjem frå fem ulike land og snakkar fem ulike språk. Kva skjer da? Korleis skal dei kommunisere med kvarandre? Korleis kan dei jobbe i lag, når dei ikkje skjønar kva den andre seier?

Babelsk forvirring

Vi vel ikkje familien vår eller kor vi bli fødde, og heller ikkje språket vi blir oppdatt i. Språket former både identiteten vår og våre kulturelle preferansar. For å studere dette nærmare, har dette prosjektet involvert ein skodespelar frå Belgia, ein frå Noreg, frå Romania, Slovenia og ein frå Tyskland. Ingen av dei forstår kvarandre, men dei skal lage ei teaterframsyning i lag der og da. Kva ville du ha gjort, når batteriet på smart-telefonen din gikk tomt, og du ikkje hadde tilgong på Google Translate?

For å komplisere dei heile er det også involvert ein tale-registrator som kan simultanomsette for publikum. Kva hender når teknologien sviktar oss eller sviker oss? Om taleregistratoren også tek til å improvisere?

MED: Elisabeth Sand, Anna Galy, George-Albert Costea, Georg Peetz, Andrej Zalesjak

I samarbeid med European Theatre Convention.

Ein co-produksjon mellom Transquinquennal, Brussels (BE), Théâtre de Liège (BE), Teatrul National “Marin Sorescu” Craiova (RO) og Det Norske Teatret (NO).

Samarbeidspartnarar: INCESA, Research Hub of Applied Sciences, University of Craiova (RO) og Multitel Innovation Center (BE).Kunstnarleg rådgiving ved CINETIC, Bukarest (RO).

Prosjektet European Theatre Lab: Drama Goes Digital har blitt utvikla med støtte frå Creative Europe-programmet til EU.