På fortauet utanfor Det Norske Teatret kunne ein nokre kveldar i mai 2020 oppleve Roland Schimmelpfennigs essay om teateret i krisetid.

24. mars 2020, berre kort tid etter at teater over heile verda måtte lukke dørene, blei Roland Schimmelpfennigs essay The Show can’t go on publisert i Süddeutsche Zeitung. I denne korte teksten tar han for seg kunsten i krise.

Du kan også lytte til teksten her:

Teksten blei kjapt plukka opp av Berliner Ensemble og av Rogaland Teater som begge har presentert sine konseptuelt like versjonar av ein skodespelar i ein tom sal. Sjølv om scenehusa så smått er i gang med å opne, står dei store hovudscenane tomme. I alle fall fram til hausten. Ingen veit når vi kan fylle dei igjen, og Schimmelpfennigs ord minner oss om kva vi saknar og kor spesiell denne situasjonen er i teaterverda.

Teateret i hovudrolla

Schimmelpfennig er ein av dei leiande europeiske nolevande dramatikarane og er tidlegare spelt ved Det Norske Teatret. No er det Det Norske Teatret som spelar hovudrolla i dette «stykket». Teksten blir framført av Jon Bleiklie Devik, og frå 20. mai kan du høyre han frå fortauet utanfor hovudinngangen presis kl. 20.00. På denne tida skulle Hovudscenen normalt ha summa av forventingsfulle publikummarar, og teaterhuset skulle ha samla folk frå heile landet til ei felles fysisk oppleving. Slik er det ikkje – enno. I røynda er det heilt stille.

Om du ikkje har høve til å svinge forbi teaterhuset for å få med deg denne teksten, har vi laga ein podkast-versjon som er tilgjengeleg frå fredag 22. mai kl. 20.00.

Finn ut meir