Eit personleg hjartesukk om seksualitet og samfunn. I full drag og i halvfullt alvor.

Korleis skapar vi dialog i eit samfunn som blir stadig meir polarisert? Korleis kan vi klare å akseptere nyansar i eit språk som er svart/kvitt?

Skodespelar Karl-Vidar Lende har vakse opp i ei lukka pinsemenigheit og er sjølv homofil, med alt det inneber av motsetnader. Denne kvelden undersøkjer vi dei motstridande meiningane som finst i samfunnsdesbatten, men også inni oss sjølve. Vi vil sjå på heilt reelle fråsegn og heilt ureelle forventningar. Og det gjer vi i full drag og halvfullt alvor.

Med Karl-Vidar Lende og Christina Smeby

«Alt er gratis*»

Framsyninga er del av «Alt er gratis*»-perioden på Scene 3 hausten 2023.
Gratisbillettar til framsyninga blir tilgjengeleg kl. 08.00 7 dagar før speledato.
Det er avgrensa tal på plassar, og stor rift om billettane!