Bli med på feiringa 19. juni på Det Norske Teatret!

Endeleg er det igjen klart for utdelinga av Heddaprisane, og endeleg kan vi samle bransjen og publikum til ei storslått feiring av norsk scenekunst! Utdelinga finn stad på Hovudscenen, og det er skodespelarane Mimmi Tamba og Gaute Adela Aastorp Cudjoe som har fått det ærefulle oppdraget med å leie prisutdelinga.

Her kan du sjå kven som er nominerte til Heddaprisen.


Har du ikke billett til utdelinga og har lyst til å følgje den på direktestrøyming? Klikk her for å sjå den i Facebook-eventet vårt! Om du ikkje har Facebook kan du også sjå sendinga i Vimeo-kanalen vår!

Ansvarleg arrangør for Heddaprisen er Norsk teater- og orkesterforening (NTO). Prisen er finansiert med løyvingar frå NTO og ved at medlemsteatera til NTO betalar 0,08 % av sitt årlege offentlege tilskot. Heddaprisen er eit samarbeid mellom Norsk teater- og orkesterforening og Norsk teaterlederforum (NTLF).

Finn ut meir